24. august 2014

Mini-skappel

"Ein kvar toåring treng ein mini-skappel..." 

Som sagt, så gjort! Eg fann fram eit par strikkepinnar og kort tid etter vart denne gensaren overlevert i bursdagsgåve til ein nydeleg liten kar 


Eg valgte å pynte gensaren med nokre gule detaljar. Hekla ein kant rundt halsen og det gjorde seg også med ein liten "L" for finaste Lukas.


Gensaren er strikka i Hexa-garn (100% alpakka), og pinne nr. 5,0 mm. Eg har stort sett fulgt oppskrifta på "Sophia`s skappel-genser", men har lagt inn eit par justeringar undervegs :)


Strålande fornøgd med resultatet er eg i allefall, så no er eg nok berre fint nøydd til å hive meg rundt og få ferdigstillt ein slik gensar til meg sjølv også.

Forsatt fin søndag til deg!

2 kommentarer:

  1. Så stilig med dei gule detaljene! Det skal eg huske neste gang eg lager genser til lillegutt! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Ja, det gjorde seg med litt "pynt". I vertfall når fargen på gensar var av den nøytrale sorten :)

      Slett

Tusen takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget ❤

Kommentaren må godkjennast før den vert lagt ut på bloggen,
det vil difor kunne ta noko tid før den vert synleg.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...