9. august 2014

Einingsfjellet

I dag våkna vi til skyfri himmel og strålande sol, og vi bestemte oss straks for å setje kursen mot ytre Fjaler, nærmare bestemt Korssund/Lammetun og Einingsfjellet. Toppen ruvar ikkje høgt med sine 259 moh, men med ei plassering ytterst i Dalsfjorden gjev den likevel ei fantastisk utsikt.


Rett før krysset der vegen delar seg mot Korrsund og Lammetun ligg ei lita avkøyrsle på oppsida av vegen, like ved ein raud trafostasjon. Eit skilt ved vegen syner kvar stien startar. Vegen vidare er godt merkt.
Turen er omlag 3 km t/r.


Utsynet som møter deg på toppen er ubeskriveleg. I sør ser ein mot Krakhellesundet og Solund. I vest kan ein sjå Aralden, Geita fyr, Værlandet, Bulandet og Alden. Nordover finn ein Tvibyrje, Kinn og Atløy, samt dei flotte fjella på nordsida av Vilnesfjorden og Dalsfjorden.


Ein flott tur som kan anbefalast på det varmaste.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget ❤

Kommentaren må godkjennast før den vert lagt ut på bloggen,
det vil difor kunne ta noko tid før den vert synleg.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...