16. februar 2011

Babushka, babushka!

Babushka, Babushka! Eller bestemor som vi kallar det her i Norge.

Eg vil berre starte med å gje ein stor takk til Rebekka, jenta som står bak bloggen frumaela.com. Ho la for kort tid sidan ut oppskrift på korleis ein heklar dei velkjende bestemorrutene. Sjølv har eg prøvd meg på desse rutene tidlegare, utan hell. Men etter å ha studert dette innlegget på bloggen til Rebekka eit par gonger, og sett igjennom filmen, så har eg no laga mi første bestemorrute. Og det heile gjekk som ein leik.


Mitt største problem no, er om eg skal lage ørten ruter til eller om eg berre skal fortsetje rundt og rundt på denne, til det dannar eit stort teppe :) Atter ein gong, tusen takk, Rebekka!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget ❤

Kommentaren må godkjennast før den vert lagt ut på bloggen,
det vil difor kunne ta noko tid før den vert synleg.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...